Поменяться местами (1983)

Написано filmdagbok 15 мая 2023

Trading Places er ein komedie frå 1983 med Eddie Murphy og Dan Aykroyd. Eit veddemål blant to brør snur livet til Billy Ray Valentine (Eddie Murphy) og Louis Winthorpe III (Dan Aykroyd) på hovudet.

Det handlar om pengar. Og det er ein klassisk komedie om rollebyte. Valentine er fattig og tiggar, mens Winthorpe spekulerer i råvareprisar og har eigen tenar. Eit veddemål mellom sjefane til Winthrope snur livet for desse to fullstendig på hovudet. Nesten over natta hamnar dei i livssituasjonen til den andre.

Eg såg for meg ein komedie med kulturelle krasj. Ikkje overraskande kjem komedien fram av karakterane si tilpassing til nye roller. Men Trading Places byr på meir. Verken Eddie Murphy eller Dan Aykroyd er tilfredse med måten den andre levde på. Med gamle og nye perspektiv ser dei moglegheitene til å bryte ut av dei nye rollene.

Oppbygginga er enkel og humoren er lett. Ofte handlar det om å sette noko på spissen eller ta noko på kornet. Det er vanskeleg å unngå eit datert preg, men 1980-talet har sin sjarm. Og for det meste er historia tidlaust.

Dan Aykroyd vil bli hugsa for ei dramatisk fyllekule i julenissekostyme som her er eit av fleire uventa utfall i filmen. Spesielt utprega julestemning har ikkje filmen. Eg la ikkje merke til nokon julesongar heller.