Paris-Manhattan (2012)

Written by filmdagbok on April 27, 2023

Ei fransk kvinne som likar Woody Allen og filmane hans, har ikkje sjølv funne kjærleiken i sitt liv. Mentaliteten hennar har vore eit hinder, samtidig som det er ein viktig del av personlegdommen hennar, som eg i denne filmen tykkjer har sin uskyldige sjarm.

Etter ein noko lengre introduksjon som tar oss gjennom tjueåra hennar fort, landar me på notida og den siste tida kor livet og lykka i kjærleiken vil snu. Dette er ein romantisk komedie, det står i ulike samandrag til filmen, og kjem aldri som nokon overrasking.

Eg får fort sansen for den vakre kvinna i hovudrolla, og rollegalleriet rundt henne består av morosame karakterar. Målet her er ikkje realisme, men å varme, underhalda og more. Og det meiner eg filmen får til.

Grunnen til at det fell litt kort er rett og slett at eg får assosiasjonar til andre filmar, som har gjort det same, men betre. Eg vegrar meg frå å kalle det mangel på originalitet, det går heller på ei behandling av klisjear og grep som kunne ha blitt utført med ein endå kvassare humoristisk spiss eller dramatikk.