Broadway Danny Rose (1984)

Written by filmdagbok on June 7, 2023

Ein av dei betre filmane til Woody Allen, der han sjølv spelar manager for smørsongaren Lou som er i ferd med å gjere ei suksessfull tilbakevending. Mia Farrow er elskarinna til Lou. Tilsaman utgjer dei trioen som er sentral i historia om manager Danny Rose og hans kanskje viktigaste klient.

Fortalt over bordet på ein kafé i New York er stemninga sett frå første stund. Woody Allen er best når byen er bakteppe.

80 minuttar i svart-kvitt gir tid til ein smått tona ned komedie med ei historie som du kan knyte deg til. Filmar får definitivt ei plassering på mi topp ti liste over Woody Allen-filmar.